Stryning ny leiar for Vestland Venstre

Åsta Årøen frå Blakset er valt til ny leiar for Vestland Venstre.

På fylkesårsmøtet for Vestland Venstre på Voss vart det valt nytt styre. Ny leiar er stryningen Åsta Årøen som er busett i Bergen.   Foto: Alfred Bjørlo/Vestland Venstre

Nyhende

På fylkesårsmøtet for Vestland Venstre på Voss vart det laurdag valt nytt styre.

Åsta Årøen vart valt til ny leiar. Ho kjem frå Blakset, men er busett i Bergen. Ho var inntil nyttår leiar av Hordaland Venstre.

Med seg i styret får Årøen tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Jan Henrik Nygård frå Kinn som første nestleiar. Vidare består styret av andre nestleiar Agnes Hoshovde Bernes frå Alver og styremedlemmene Geir Angeltveit, Stord, Jo Lerheim, Bergen, Elizabeth Toft Erichsen, Øygarden og Åge Avedal, Sunnfjord.

Voteringa gjekk føre seg utan kampvoteringar, og styret har god breidde i geografi, alder og kjønn. Det nye styret gleder seg til å bygge Vestland Venstre som ein leiande grøn region, skriv partiet i ei pressemelding.