Tilrår 40 prosent stillingsauke til kulturskulen

Frå utstillinga til kulturskulen under kulturnatt. (Illustrasjon) 

Nyhende

Skule- og kulturutvalet tilrår stillingsauke på 40 prosent i kulturskulen for 2020, av dette 20 prosent til undervisning og 20 prosent til administrasjon.

Dette etter framlegg frå Jorunn Aa Myklebust (Sp). Det heiter vidare i vedtaket at det må utarbeidast kommunale retningslinjer for tildeling av ressursar til kulturskulen, og stillingane må takast inn i ordinært budsjett for kulturavdelinga for 2021.

Saka skal vidare til formannskap og kommunestyre.