Indre Nordfjord Turlag arrangerte skredvettdag:

– Stadig meir aktuelt

– Å arrangere skredvettdagar blir stadig meir aktuelt sidan fleire og fleire går på tur i fjellet vinterstid, seier Odd Henrik Berge i Indre Nordfjord Turlag.

Skredvettdag: Indre Nordfjord Turlag (INT) arrangerte skredvettdag ved Hornindal Skisenter. Sikre vegval i fjellet og bruk av sendar/mottakar var nokre av fokusområda.   Foto: Indre Nordfjord Turlag

Nyhende

Turlaget arrangerte skredvettdag ved Hornindal Skisenter søndag, med både innlagt teoridel innandørs og ei økt utandørs.