Turlangrenn:

14-åring imponerte i Tverrfjelldilten

På realt klisterføre kjempa om lag førti menn og nokre få kvinner seg gjennom Tverrfjelldilten søndag. Og aller mest imponerte ungguten Jørgen Gretland i den nær fire mil lange løypa.

Spanande duell: Anniken Hjellbakk Hole var raskaste jente og kom i mål sekundet før vinnaren av yngste klasse Jørgen Gretland.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

For mange er turlangrennet Tverrfjelldilten oppkøyringa til «Birken», og mange er tydelegvis i rute før den store styrkeprøva. Andre Haugsbø, Gaular vann slik han alltid har gjort, men fekk overraskande sterk konkurranse av Sindre Hoff. Dei to var i særklasse raskast.