Brannstasjonen i Stryn sentrum:

Får fristutsetjing i to år

Stryn kommune får i første omgang utsett fristen i to år med tanke på ei ny permanent løysing for brannstasjon i sentrum.

Ny brannstasjon: Planen er å byggje ein ny brannstasjon i Stryn sentrum som stettar dagens krav. I mellomtida må kommunen setje i verk mellombelse tiltak for å unngå dagmulkt. 

Nyhende

Kommunen bad i november i fjor om utsetjing til 2025, sidan ein er i gang med ein ny områdereguleringsplan for sentrum, men at dette tek tid.