God rekruttering på UKM-arenaen i Stryn

Tre sceneinnslag og to bildekunstnarar skal vidare til fylkesfinalen etter eit flott UKM-arrangement i Stryn kulturhus laurdag.

Roser til deltakarane: Dei fleste av deltakarane på UKM i samla flokk etter framsyninga. – Alle hadde noko positivt å syne fram, meinte fagjuryen.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Det er frydefullt å vere til stades når ung kultur møtast. Oppsummeringa av UKM for Stryn denne helga er at kulturlivet har gode vekstvilkår blant born og unge i kommunen. Sceneinnslag og utstilte kunstverk gjev link til at dei unge har mange interessante og spennande uttrykksformer.