Godkjende stillingsauke

Formannskapet vedtok stillingsauke for varaordføraren i Volda kommune

40 % stilling Sverre Leivdal si stilling som varaordførar i Volda kommune er vedtatt av formannskapet. Kommunestyret har siste ord om godtgjersle til dei folkevalde i Volda kommune.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Det har tidlegare vore stor diskusjon om varaordføraren si stilling skulle vere 20 prosent, eller 40 prosent. Tysdag vart Volda formannskap samde om å auke stillingsprosenten til 40 prosent av ordførar si løn, men utan møtegodtgjersle i tillegg.