Oppmodar kommunane om å søkje klimasats-midlar

Frå "webinaret" som du finn på YouTube: Prosjektlear for Klimasats, Kirvil Stoltenberg t.h. innleiar om kva det er lurt å tenke på når du utformar søknaden og kva som er prioriterte prosjektområde for støtte frå Klimasats i 2020. Guro Watten Furu t.v. frå Enova innleiar om deira støtteordningar.  Foto: Skjermdump

Nyhende

- Klimaendringane er her. Det er viktig å redusere klimagassutsleppa i kommunane, samstundes som ein arbeider aktivt med klimatilpasning. Fylkesmannen oppmodar alle kommunar om å søkje klimasatsmidlar. Fristen er 15. februar, opplyser Anniken Friis ved Fylkesmannen i Vestland.

- Kva er Klimasats?

- Klimasats støttar tiltak i regi av kommunar og fylkeskommunar som reduserer utslepp av klimagassar og bidreg til overgangen til eit lågutsleppsamfunn .

Dei kommunale etatane kan søkje tilskot saman eller kvar for seg. Kommunane må sjølve gå inn med eigeninnsats, og søknadane må vere politisk forankra.

Desse tiltaka kan det søkjast tilskot til

Tiltaka er delt i seks grupper:

  • Klimavenleg areal- og transportplanlegging
  • Klimavenleg transport, gjennomføring
  • Hurtigbåtar - gjennomføring og forprosjekt
  • Klimareduserande tiltak i andre sektorar
  • Forprosjekt for klimagass-reduserande tiltak
  • Interkommunale nettverk

Søkjarane blir oppmoda til å tenkje breitt og heilskapleg på korleis dei vil redusere klimagassutsleppa. Tiltak som gir store reduksjonar i klimagassutslepp vil bli prioriterte.


Miljødirektoratet har laga eit webseminar, "webinar", som ligg på YouTube. Her kan du lære meir om korleis du søkjer.

Webinaret finn du her.