Takkar av etter 17 år som frivillig matkøyrar

I 17 år har Sigmund Tunold køyrt ut middagsmat for heimetenesta i Stryn, og frivilligsentralen takkar han for eineståande innsats når han no sluttar.

Etter 17 år som frivillig matkøyrar og andre andre oppgåver er det no slutt for Sigmund Tunold frå Olden. – Jobben har gjeve meg veldig mykje, seier han.  

Nyhende

Sist fredag fekk Tunold servert både marsipankake, gåve og blomster frå dagleg leiar ved frivilligsentralen. Det vart både mimring og litt alvor og tårer rundt bordet i Triangelen.