Ung bilførar anmeldt etter å ha mista kontrollen

Mista kontrollen: Den unge føraren mista kontrollen på veg opp Setrevegen, snurra rundt og vart ståande i grøfta på venstre side av vegen.  Foto: Politiet

Nyhende

Ein ung førar med ferskt førarkort er anmeldt for å ha sladda og mista kontrollen over bilen oppover Setrevegen retning Stryn Vinterski. Bilen kom over i motsett køyrefelt, over kanten til fortauet og stogga i grøfta på motsett side.