VM skiskyting 13.-23. februar:

Ola Lunde satsar på «midt i»

NRK sin skyteekspert, Ola Lunde, har tru på Bø-suksess i VM, men det fordrar at den nybakte pappaen Johannes får nok søvn og kvile før meisterskapen.

På (stand) plass: Ola Lunde har vore med som NRK sin ekspertkommentator sidan VM i Holmenkollen i 2000. Han gler seg til eit nytt VM og blir som vanleg å sjå på standplass. Her i kjent stil frå sesongavslutninga i Holmenkollen i 2017.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Den store norske herrefavoritten er sjølvsagt Johannes. Han har seks sigrar i år. Men no var han ikkje spesielt nøgd med langrennsforma i Pokljuka. Han er jo blitt far og alle som har blitt det veit at det ofte går utover nattesøvnen. Viss han ikkje får kvilt nok så er eg litt meir usikker på VM-forma, seier Lunde.