Vestland har flest freda tre i heile landet - eitt av dei veks i Stryn

Fram til 1970-talet vart enkelte store eller spesielle tre i Norge freda ved lov. Eitt av dei finn du i Stryn kommune.

Flest: Vestland er det fylket i landet som har flest freda tre, her furua på Hatleim. Dette er Stryn kommune sitt einaste freda tre. Alle foto: Fylkesmannen i Vestlanwd 

Nyhende

Vestland er det fylket i landet som har flest freda tre. Talet på slike fredingar i Hordaland var på det meste oppe i 53, men er no 32. Tilsvarande tal for Sogn og Fjordane er høvesvis 29 og 9. Fråfallet skuldast stort sett alder og vindfelling. Heller ikkje gamle tre varar evig, men mange er biologisk viktige lenge etter at dei er døde.

Naturminne: I perioden 1920–54 vart det freda ei rekkje enkelttre eller grupper av tre i Norge, med heimel i Lov om naturfreding. Trea vart verna som såkalla «naturminne».  Foto: FiV

På Hatleim på Blakset står Stryn sitt einaste freda tre. Dette treet, ei furu med særeigen form, vart freda i 1931, opplyser Fylkesmannen i Vestland.

I perioden 1920–54 vart det freda ei rekkje enkelttre eller grupper av tre i Norge, med heimel i Lov om naturfreding. Trea vart verna som såkalla «naturminne». Vernet hadde både eit naturvitskapleg og kulturelt formål. Nokre tre er òg verna etter naturvernlova.

Gjeld framleis: Tre vert ikkje lenger freda ved lov, men den gamle fredinga gjeld framleis.  Foto: Fylkesmannen i Vestland

I dag er naturvernlova avløyst av naturmangfaldlova, og det er ikkje lenger praksis å frede enkeltobjekt på denne måten. Dei gamle vernevedtaka gjeld likevel framleis.