Desse filmane kjem på Stryn kino

Nye barnefilmar, drama og komedie kjem på Stryn kino i vinterferien og framover mot påske.

Animasjonskomedien Dronningens Corgi.  Foto: Filmweb

Fjolls til fjells kjem på Stryn kino i vinter-ferien.   Foto: Filmweb

Nyhende

Stryn kino i kulturhuset kan by på eit innhaldsrikt filmprogram for heile familien.

I vinterferien går blant anna animasjonskomedien Dronningens Corgi, den norske nyinnspelinga av klassikaren Fjols til fjells, dramaet Flukten over Grensen og animasjonsfilmen Sonic the Hedgehog.

Fjolls til fjells kjem på Stryn kino i vinter-ferien.   Foto: Filmweb

I mars står det blant anna ein ny film ifrå Disney på plakaten: Oppfølgjaren til Mulan. Dei danske komikarane held fram med siste filmen sin Klovn 3: The Final. I animasjonsfilmen Trolls Verdensturne dukkar dei musikkglade trolla opp att.

Fleire titlar kjem også på plakaten, fortel kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme.