Informasjonsmøte om eigedomsskatt

I høve innføring av eigedomsskatt i Hornindal, Bjørke og Viddal inviterer Volda kommune til informasjonsmøte på Grodås.

Honndalshallen: Ope informasjonsmøte om eigedomsskatt onsdag. 

Nyhende

– Frå 2020 vert det innført eigedomsskatt i området for den tidlegare Hornindal kommune. I tillegg skal området Bjørke/Viddal over til «nye» Volda kommune si taksering, skriv Volda kommune på sine nettsider.

Onsdag inviterer kommunen difor til ope informasjonsmøte i Honndalshallen.

Firmaet Injector AS, som takserte eigedomar i desse områda i fjor haust, vil vere til stades på møtet der ein fritt kan stille spørsmål om eigedomsskatt.