Rv 15 Svarstadsvingane:

Sklei bakover og sperra heile vegbana

Vogntoget sklei 50 meter bakover på det svært glatte føret på rv 15 i Svarstadsvingane onsdag morgon og sperra heile vegbana.  Foto: Fjordingen tipsar

Nyhende

Eit vogntog på veg oppover Svarstadsvingane måtte gje tapt på det svært glatte føret like ved avkøyringa til Stryn Pukk og gjenvinningsstasjonen onsdag morgon. I følgje vitne stoppa det opp på null-føret, før vogntoget sklei om lag 50 meter bakover.

Rett etter at det første vogntoget vart ståande fast, måtte eit anna vogntog rygge ned Svarstadsvingane etter at det stoppa heilt opp.  Foto: Fjordingen tipsar

Heile vegbana var sperra ei stund, men etter kvart vart det opna for trafikk i eitt køyrefelt. Bergingsarbeid pågår no ved ni-tida.

Det snør kraftig og er svært glatt på staden.