Markerer 30 år med FN’s barnekonvensjon:

Superlaurdag i kulturhuset

Komande helg arrangerer Stryn Redd Barna Superlaurdag. Gjennom gratis kulturopplevingar for born i aldersgruppa 4.-7. klasse, feirar dei at FN’s barnekonvensjon er 30 år.

– Velkommen: Denne gjengen håpar på eit yrande liv i kulturhuset komande laurdag når dei inviterer til Superlaurdag. F.v.: Hilde Ullebø Hool, Kåre Bruvoll Alme (kulturhusleiar), Sigrid Leite Paulsen (leiar Stryn Redd Barna), Sissel Svarstad og Maria Storevik. 

Nyhende

I Barnekonvensjonen er der ein eigen paragraf som seier at alle barn har rett til gode kunst- og kulturopplevingar, som film, teater, konsertar og bøker.