I grøfta på fv 60 i Hornindal

Utfor på fv 60: Vogntoget som var på veg retning Grodås måtte bremse ned på grunn av bilberging. Dermed sklei hengaren ut i grøfta på den glatte og skrå vegbana.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Vogntogføraren på veg retning Grodås 60 oppdaga at bilbergar var i ferd med å dra opp ein personbil av grøfta og måtte bremse ned. Dermed sklei hengaren ut i grøfta og vart ståande bom fast. Uhellet skjedde på fv 60 ved Fannemel torsdag ettermiddag.

-Vegbana her skrånar veldig ut mot grøfta, i tillegg var her glatt. Det burde vore strødd, poengterte både den uheldige vogntogføraren og kollegaer i andre vogntog som måtte vente medan bilbergar kom på plass. Dermed oppstod det kø av tunge køyretøy frå begge sider.