Andre dag på rad:

Kaos i Svarstadsvingane

Kaos: Vogntog utan kjettingar stod faste og skapte trafikkkaos i Svarstadsvingane torsdag morgon.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Mange kom for seint på jobb og skule torsdag. Årsak: Vogntog som stod faste og skapte fullstendig kaos på rv 15 Svarstadsvingane. Trass stort snøfall var vegbana godt brøytta på morgonen. Likevel stod to vogntog faste midt i bakken rett før klokka åtte på morgonen. Eitt av dei stod midt i bakken og la på kjettingar. Etter kvart som trafikken pakka seg frå begge kantar, vart det fullstendig stopp og kaos. Dermed lange køar frå begge sider. Politiet kom etterkvart til staden og bidrog godt til å løyse opp i trafikkfloken. Ein snau time etter at det stoppa opp, melder politiet at trafikken har løyst seg opp.