Kart- og oppmåling i nye Volda blir i Ulsteinvik

To røysta i mot forslaget om at Ulstein blir vertskommune for kart- og oppmålingstenestene i Volda kommune.

Interkommunalt samarbeid: Fleire i Volda formannskap etterlyste Ørsta kommune i det interkommunale samarbeidet om landmåling og geografisk informasjonssystem. Det vart avgjerande vekt på at større samarbeid gir større fagmiljø og enklare rekruttering.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Kommunedirektøren viste til interkommunalt samarbeid og peika på at fleire kommunar har utfordringar med kompetanse og kapasitet innanfor fagområda landmåling og GIS (geografisk informasjonssystem). – For Volda sin del så har ein berre 1,6 stilling på landmåling og GIS. Vi må anten inngå eit samarbeid med andre eller finne ledige heimlar til å rekruttere opp, eller basere oss på større innleige, sa kommunedirektøren. Han la vekt på større fagmiljø og tilrådde difor formannskapet å godkjenne vertskommuneavtale om geodatasamarbeid for Hareid, Herøy og Volda med Ulstein som vertskommune.

Avtalen legg opp til at andre kommunar kan ta del i samarbeidet. Overføring av arbeidsoppgåver og mynde vert gjeldande frå og med juni i år.

– Vi burde fått til eit samarbeid med Ørsta, eller nytte kompetanse i lokalt næringsliv, sa Dan Bjørneset (H)

Forslaget frå kommunedirektøren vart vedtatt med 7 mot 2 røyster der Bjørneset (H) og Roald Espset (Frp) røysta mot.

Hornindal kjøpte tidlegare oppmålingstenester frå Stryn kommune.