Mann i 60-åra mista lappen

Illustrasjonsfoto  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ein bilførar i 60-åra mista førarkortet etter å ha køyrd i 81 km/t i 50-sona på fv 60 gjennom Innvik torsdag. Det opplyser UP til Fjordingen.

Politiet skreiv i tillegg ut forenkla førelegg til 12 andre bilistar som køyrde for fort. Høgste målte fart blant desse var 67 km/t.

Det vart og skrive ut to gebyr for manglande beltebruk, opplyser UP.