Junior-NM på Dombås:

Blir det medaljar til Nordfjord?

Det er ikkje berre i Anterselva det skjer i helga.

Dombås: Emilie Flo Stavik, Markane IL/Stryn vgs, deltek på Dombås i helga.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Landslinja ved Stryn vidaregåande skule og juniorløparane i Nordfjord Team reiser til junior-NM og norgescup i skiskyting på Dombås i helga. Det skriv Nordfjord Team i ei pressemelding.

Det er tre konkurransedagar på Dombås. Fredag er det NM normal, laurdag er det norgescup sprint medan det er mix stafett og duo søndag.

Gunn Kristi Tvinnereim frå Hardbagg/Stryn vgs slo til med bronsemedalje på skiskyttar-sprinten i fjorårets junior-NM i Orkdal.

Tvinnereim, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Isak Hopland og Bendik Vereide plasserte seg alle blant topp 10 i førre norgescuprenn, og det blir spennande å sjå om nordfjordingane kan hevde seg på Dombås.

Desse deltek frå Nordfjord på junior-NM og norgescupen i skiskyting på Dombås i helga:

M19: Martin Aaland (Hardbagg/Stryn vgs), Magnus Midthjell Gjørven (Markane/Stryn vgs), Sivert Raddum Skaug (Tretten/Stryn vgs), Torjus E. Woldsund (Volda/Stryn vgs).

M18: Bendik Vereide (Stårheim/Stryn vgs), Lasse Flo Bødal (Stårheim/Stryn vgs), Emil Hage Streitlien (Folldal/Stryn vgs), Ask Haughovd (Stårheim/Stryn vgs), Jens-Henrik Hegg (Vik/Stryn vgs), Oskar Guddal Breivik (Markane/Stryn vgs).

M17: Hallvard E. Woldsund (Volda/Stryn vgs), Martin Straumsheim (Fossum/Stryn vgs), Sondre Roset (Hardbagg/Stryn vgs).

M20-22: Simon Hjelmeset Kirkeeide (Markane/Team Woodcon), Erlend Bakken (Markane), Isak Hopland (Hardbagg).

K18: Gunn Kristi Tvinnereim (Hardbagg/Stryn vgs), Ingrid Heggen (Stårheim/Stryn vgs), Oselie Henden (Eid/Stryn vgs), Maria Bertine Sleire Tistel (Vik/Stryn vgs).

K17: Hedda Garlid Hilde (Markane/Stryn vgs), Emilie Flo Stavik (Markane/Stryn vgs), Maren Hjelmeset Kirkeeide (Markane/Stryn vgs).