Junior-NM i skiskyting:

Emil frå Stryn vgs vart norsk meister

NM-gull: Emil Hage Streitlien, Folldal/Stryn vgs, tok gull på normaldistansen i junior-NM på Dombås.  Foto: Nordfjord Team

Nyhende

Emil Hage Streitlien, som er elev ved landslinja i Stryn, vann normaldistansen i junior-NM fredag.

Folldølen låg blant dei tre beste det meste av løpet. Ut frå første skyting var han i tet etter feilfritt opphald på standplass. På andre skyting måtte han tole ein bom, men feilfri tredje skyting gjorde at Emil låg 30 sekund føre næraste konkurrent med ei skyting att.

På siste ståande vart det to bom, og det vart sekundstrid inn mot mål. Men då han kryssa mållinja var han seks sekund føre Oscar Andersson, og 15 sekund føre Ole Tafjord Suhrke. Dermed kan han kalle seg norsk meister i klasse M18.

- Løpet gjekk veldig bra. Eg er litt overraska over at eg vann då eg har vore sjuk i framkant. Dette var ikkje forventa seier Emil til Fjordingen. Han kan melde om gode forhold på Dombås.

Gull: Emil Hage Streitlien, Folldal/Stryn vgs, tok gull på normaldistansen i junior-NM på Dombås.  Foto: Nordfjord Team

Dette er det andre NM-gullet til Emil, han vann også normaldistansen i fjor. Emil flytta til Stryn før dette skuleåret, og går andre året på landslinja.

Ask Haughovd, Stårheim/Stryn vgs, vart nummer 18. Han skaut godt, og pådrog seg berre to bomskot (1-0-1-0). Oskar Guddal Breivik, Markane/Stryn vgs, vart nummer 20 (1-2-3-0), Bendik Vereide, Stårheim/Stryn vgs, nummer 26 (3-2-0-1), Jens-Henrik Hegg, Vik/Stryn vgs, nummer 32 (2-3-0-2) og Lasse Flo Bødal, Stårheim/Stryn vgs, nummer 45 (2-2-3-2).

Junior-NM i skiskyting på Dombås. Oskar Guddal Breivik vart nummer 20 på normaldistanse.  Foto: Nordfjord Team

I klasse M19 vart Sivert Raddum Skaug, Tretten/Stryn vgs, nummer 35 (3-3-0-1), Magnus Midthjell Gjørven, Markane/Stryn vgs, nummer 38 (3-0-2-2), Martin Aaland, Hardbagg/Stryn vgs, nummer 52 (4-2-1-2) og Torjus Engeset Woldsund, Volda/Stryn vgs, nummer 57 (3-4-1-2).

I klasse M17 plasserte våre lokale utøvarar seg slik: 4. Magnus Skeide Bakke, Eid/NTG Geilo (2-3-1-1), 15. Martin Straumsheim, Fossum/Stryn vgs (0-2-0-3), 40. Hallvard Engeset Woldsund, Volda/Stryn vgs (3-1-3-2), 55. Sondre Roset, Hardbagg/Stryn vgs (2-2-2-3).

Klasse M17: Sondre Roset, Hardbagg/Stryn vgs.  Foto: Nordfjord Team

Klasse M20-22, K19, K18 og K17 skal gå seinare fredag ettermiddag. Konkurransane går på Dombås.