Melodi Grand Prix - Stryn ungdomsskule:

Fart, spenst, humor og ettertanke

Elevane ved Stryn ungdomsskule leverte eit MGP-show der humor og alvor var pakka inn med spenst og energi.

Vinnarar: Klasse 10CD vann MGP-showet med tema «Klima/råning» og fekk ros frå juryen for høgt nivå. 

Nyhende

Humor og ironi. Raljering og sjarmering. Ablegøyer og alvorleg undertone. Spenst og energi. Alt dette og meir til kom fram då Stryn ungdomsskule opna «pakken» som avslørte Melodi Grand Prix-showet anno 2020.