- Folk som løyser ut skred må seie ifrå

Snøskred: To skiløparar har løyst ut skred nedanfor Svartevatnet, vest for Steindalen, utan å melde frå. Det likar verken Røde Kors eller politiet.  Foto: Kenneth Breidablik

Nyhende

Torsdag vart det utløyst i alt tre skred i området rundt Steindalen i Stryn, utan at desse vart meldt frå.

Det eine skredet viser tydeleg to skispor inn i skredet, men eit utrena auge kan konkludere med at det er berre eitt spor ut.

-Dersom andre kjem og ser slike spor, vil dei kunne melde frå om snøskred og mulig sakna folk, med den konsekvens at det vert sett i gong ein stor leiteaksjon. Når nokon løyser ut skred og kjem seg ut av skredområdet, må det første vere å melde frå, primært til politiet, seier politibetjent Jan Tore Sunde.

Kenneth Breidablik, leiar av skredgruppa i Sogn og Fjordane, avdeling Nordfjord, er helt samt med Sunde.

- Hadde dette skjedd i Sogn eller på Sunnmøre, ville det temmeleg sikkert blitt meldt frå med ein gong. Den kulturen må vi få inn også i Nordfjord. Det ville ikkje vere veldig kjekt å setje i gong ein stor leiteaksjon fordi folk ikkje har meldt frå kva som har skjedd.

Skredet med to skispor inn er utløyst vest for Steindalen og nedanfor Svartevatnet, i skredfarleg terreng. Breidablik vonar det ikkje er lokalkjende som har køyrd der, for dette er ikkje område å køyre på ski.

-Dei som ferdast i fjellet skal vite at dei ikkje berre set seg sjølv i fare ved å oppsøkje slike skredfarlege område. Særleg dei som går ut frå skisentra må tenkje åp at spora dei etterlet seg kan bli følgde av andre. Også ungar som ikkje har dømmekraft i forhold til skredfare.

Vi trur det er same personane som har utløyst to av dei tre skreda torsdag, seier Breidablik