Junior-NM i skiskyting:

Gull til Maren, fantastisk skyting av Hedda

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Stryn vgs, gjorde som lagkamerat Emil Hage Streitlien før i dag, og gjekk heilt til topps på normaldistansen i junior-NM i skiskyting på Dombås. Hedda Garlid Hilde, Markane/Stryn vgs, skaut 19 av 20 treff.

Junior-NM: Maren Hjelmeset Kirkeeide (t.v.) og Hedda Garlid Hilde, begge Markane/Stryn vgs, imponerte på Dombås.  Foto: Inge Fænn (arkiv)

Nyhende

I mål var Maren 8,8 sekund føre nummer to i klasse K17, Synne Mæland-Herheim frå NTG Geilo.

«Markane-ekspressen» låg godt an i heile løpet. På første skyting vart det berre ein bom, medan det vart fullt hus på andre skyting. Ut frå tredje skyting, som gav Maren to bom, var det berre fem tidel som skilte opp til Mæland-Herheim. Med fullt hus på siste ståande skyting låg Maren 12 sekund bak gullet, men med ein sterk sisterunde i langrennssporet kneip ho sigeren. Eit strålande løp av Maren.

Strålande skyting

Vi skal heller ikkje gløyme innsatsen til Hedda Garlid Hilde, Markane/Stryn vgs, som hade heile 19 av 20 treff på normaldistansen. Etter fantastisk skyting, blant dei aller beste sett heile dagen under eitt, gjekk ho inn til ein imponerande 14. plass. Å skyte nærast feilfritt vitnar om særs gode skyteferdigheiter under press.

Vi kan også nemne at Hedda vart beste skyttar under hovudlandsrennet i fjor med 58 av 60 treff totalt.

Emilie Flo Stavik vart nummer 30 i same klasse (2-2-4-3).

I klasse K18 gjekk Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg/Stryn vgs, inn til ein sterk åttandeplass (2-2-1-1). Oselie Henden, Eid/Stryn vgs, vart nummer 18 (1-2-0-2), Ingrid Heggen, Stårheim/Stryn vgs nummer 24 (1-2-2-2), og Maria Bertine Sleire Tistel, Vik/Stryn vgs, nummer 30 (0-3-0-1).

I klasse M20-22 vann Johan-Olav Smørdal Botn, Stårheim/Team Hugaas, med berre to bom (0-0-0-2). Her imponerte Isak Hopland, Hardbagg, med 16. plass etter to fulle hus (0-1-2-0), og han følgde såleis opp topp 10-plasseringa i norgescupen førre helg. Erlend Bakken, Markane vart nummer 39 (1-1-1-2), og Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Team Woodcon vart nummer 53 (3-3-0-4).



I morgon står norgescup sprint på programmet på Dombås.