– Hjelle ønskjer framleis å ha privat vassverk

Kommunal overtaking av private vassverk er eit tiltak som blir aktualisert i høyringsutkastet til kommunedelplan for vassforsyninga 2020–2030. Men ikkje alle tykkjer det er ein god idé.

Hjelle vassverk: Gunnar Harstad er leiar for det private vassverket på Hjelle. Her ved høgdebassenget som sikrar fall til dei kring 40 abonnentane, og gjer at ein får vatn også om straumen skulle bli vekke. – Vi har i alle fall til eitt døgn, seier Harstad. 

Nyhende

Vassforsyning er definert som kritisk infrastruktur av statlege styresmakter. Både i høve beredskap og som nok og godt drikkevatn til alle. Stryn, Loen og Storesunde er dei tre kommunale vassverka i dag, medan over halvparten av innbyggjarane i Stryn kommune får vatn frå private vassverk. Olden og Innvik er dei største og leverer til kring 200 abonnentar kvar.