Også Innvik vil vere privat

Også Innvik vassverk ønskjer å halde fram privat.

Privat: Innvik vassverk har også privat eigarskap, og ønskjer at det framleis skal vere slik. Dei er eitt av dei største og forsyner over 200 abonnentar, både private og kommunale. Foto: Privat 

Nyhende

– Innvik vassverk blir i dag drifta på ein god måte, med lokal kompetanse på drift og anlegg. Innvik vassverk har med få unntak levert vatn med god kvalitet til abonnentane, skriv mellom anna Oddbjørn Reme, på vegner av styret, i ein merknad til kommunedelplanen. I planen vert det mellom anna peika på den aukande faren for flaum og utfordringane dette kan medføre.