Tysdagssveitten:

Møtast på parketten kvar tysdag kveld

Over 40 personar mellom 55 og 85 år samlast kvar tysdag til dans i ærverdige Skogstjerna ungdomshus. – Men vi ønskjer å få med fleire, seier Bjarne Svarstad.
Nyhende

Det var ei god og triveleg stemning inne på parketten i Skogstjerna forsamlingshus tysdag kveld. Det brukar å vere livemusikk til dansen, men sjølv om spelemannslaget ikkje var på plass denne kvelden, er stemninga like god og stega like lette som dei pleier; kvar tysdag frå september til mai. Det fortel Bjarne Svarstad.