4H-fokus på demokrati

Over 100 engasjerte ungdomar deltok på årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane.

Nyvalt styre: Eirik H- Vikøren (32) i midten, Ronja Å. Vallestad (17), Eirik Førde (22), Camilla Nesheim (35), Mathilde Tjønneland (18). Vara: Emil Barstad (19), Hedda Tveit (16) og Åse M. Haugnes (46).  Foto: 4HSFj

Nyhende

– Vi er klare for eit nytt år med 4H-aktivitetar, styrearbeid og planlegging av nye spennande prosjekt, seier styreleiar Eirik Hortemo Vikøren i ei pressemelding frå 4H Sogn og Fjordane.

Han har teke attval og ser fram til sin tredje periode som leiar for 70 klubbar og 1.600 4H-arar frå fylket.

– Det er som å vere på «nivå 2». Nå veit eg kva som ventar, og kan tenkje mykje lenger fram enn i fjor, seier Vikøren.

– I 4H har eg lært utruleg mykje om svært mange forskjellige tema, men aller mest om organisasjonsarbeid, leiarskap, demokrati og samarbeid.

Dette året skal styret arrangere nattvolleyballcup, kurs og leir for medlemmane. Samstundes utarbeider styret nye mål for organisasjonen.

– Vi ønskjer å knyte mykje sterkare band mellom klubb-ane og fylkesleddet. Ein tett og god dialog vil styrke demokratiet, gjere tiltaka som fylket set i gong mykje betre og auke deltakinga på 4H Sogn og Fjordane sine arrangement, seier Vikøren.