- Nye er hjarteleg velkomne

Øving i HLR på ein "person" som er graven ut av skred. Frå øvinga sist søndag.   Foto: Henning A. Hellebust/RKSFJ

Nyhende

Røde Kors Skredgruppe Sogn og Fjordane avd Nordfjord er ei relativt nystarta gruppe, og er inne i sin første sesong.

Publikum har fleire gongar kunna observere gruppa i øving i fjellområda rundt i distriktet.

Kanskje vert nokre av dei som ser gruppa nysgjerrige og får lyst til å prøve seg sjølve.

– Er det framleis mogeleg for andre interesserte å bli med i den nystarta skredgruppa?

– Absolutt. Dette er første sesongen vi held på, og vi tek gjerne imot fleire, seier Johnny Rustøen, øvingsleiar for den store øvinga sist søndag, og fagleiar Roar Høgalmen.

- Så om nokon er interesserte, er dei hjarteleg velkomne!