Stryn Treskifestival

God stemning blant treski-entusiastane

For tolvte gong gjekk Stryn treskifestval av stabelen, men vêrgudane gjorde det krevjande for den nye arrangøren.

Med tidsrette antrekk i løypa: Fremst Hilde Marie Nicolaisen (14), som også vart vinnar av kvinneklassen til slutt. Bak henne kjem Hildegunn Standal Dragsund (13), Birgitte Fondevik (15) og Trond Guddal (8). Vidare bakover ser vi mellom anna Inge Guddal (24) og Erlend Folstad (25).   Foto: Anne Mari Cecilie Aalberg

Nyhende

Tre eldsjeler frå Stryn Ping Pong Club (SPPC) tok ansvar då Stryn Treskifestival var i faresona. Kåre Tonning, Kristian Hool Egge og Jens Isehaug bestemte seg for å vidareføre tradisjonen då festival-general Torstein Tvinnereim varsla avgang. Og med resten av SPPC-gjengen som medspelarar, vart det fest.