Sju fekk arrangørstøtte frå fylket - ingen frå Nordfjord

Frå NM i friidrett på Byrkjelo. No er NM i friidrett på Fana stadion tildelt arrangementstilskot frå Vestland fylkeskommune.   Foto: Arrangørfoto

Nyhende

Idrettslag og særforbund kunne søkje arrangementstilskot frå Vestland fylkeskommune, som vart tildelt sist veke. Føremålet er å støtte store nasjonale og internasjonale meisterskap som m.a. skaper samhald, motivasjon og positive ringverknadar for næringslivet. Ingen av søkjarane som har fått tildelt støtte er frå Nordfjord.