Koronaviruset: - God handhygiene er viktig!

Koronaviruset har spreidd seg til Europa, med Italia som det europeiske landet der viruset har størst utbreiing. Andre europeiske land bur seg difor på at at smitten kjem stadig nærare, og Norge har også fått sitt første tilfelle. Smittevernlege i Stryn, Marius Solbakken, understrekar at god handhygiene framleis er og blir viktig i høve til å hindre smitteoverføring.

Marius Solbakken er smittevernlege Stryn kommune.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

– Kva gjer ein lokalt i høve til koronaviruset?

– Stryn kommune held seg oppdatert på gjeldande råd og info frå Folkehelseinstituttet. Per i dag er det følgjande råd som gjeld: Friske personar som dei siste 14 dagane har opphalde seg i eit område med vedvarande spreiing (fastlands-Kina) bør følgje med på teikn til luftvegsinfeksjon (feber, hoste og andre luftvegssymptom) i 14 dagar etter opphaldet og ta kontakt med helsetenesta (per telefon) ved symptom. Dersom dei ikkje har vore i nærkontakt med personar som er stadfesta sjuke med koronaviruset, og ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon, kan dei omgåast andre som normalt.

God hand- og hostehygiene er eit generelt smittevernråd. Friske personar som dei siste 14 dagane har hatt kontakt med ein person som er stadfesta sjuk med viruset, bør ta kontakt med helsetenesta og vil bli følgt opp.

Som ved andre luftvegsinfeksjonar

Smittevernlegen seier symptoma på sjukdommen er som ved andre luftvegsinfeksjonar, som hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar.

Kontakt lege på telefon viss du har slike symptom og har vore i minst éin av følgjande situasjonar:

Har vore i fastlands-Kina dei siste 14 dagane og/eller

Har hatt nærkontakt med ein person som er stadfesta sjuk med det nye koronaviruset i løpet av dei siste 14 dagane.


Kva om du vert sjuk?

– Kva gjer ein viss ein vert sjuk og mistenkjer at ein faktisk har fått koronaviruset?

– Ta kontakt med lege på telefon for råd og avtale om undersøking.

Solbakken legg til at vi no er midt i den normale influensasesongen i Norge. Samstundes er det venta at koronaviruset også vil kome til Norge på eitt eller anna tidspunkt.

– Det kan difor vere nyttig å minne om basale smitteverntiltak: God hoste- og handhygiene reduserer smitta ved alle luftvegsinfeksjonar, også smitten med det nye koronaviruset. Det blir tilrådd å ha tørkepapir tilgjengeleg til bruk når du hostar og nys, dette skal kastast etterpå. Har du ikkje dette er albogekroken eit godt alternativ.

For å hindre smitte bør personar som er sjuke unngå å hoste eller nyse direkte på andre, og ein bør, når det er mogleg, halde minst éin meters avstand til personar med luftvegssymptom. Ein bør òg hoste/nyse i eit tørkepapir eller i albogekroken.

Viktig både hos sjuke og friske

God handhygiene, både hos sjuke og friske, er viktig for å hindre smitteoverføring, understrekar smittevernlegen.

– Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vatn, spesielt når du har vore ute blant folk. Handdesinfeksjon er eit godt alternativ dersom handvask ikkje er mogeleg. Dersom hendene er synleg skitne eller våte har handdesinfeksjon redusert effekt, og hendene bør reingjerast med såpe og vatn.


Oppdatert informasjon og råd frå Folkehelseinstituttet når det gjeld Italia, Kina og andre land der smitte er registrert, finn du her.



Helse Førde:

- Vi har stort fokus på koronavirus

Utfordringane handlar først og fremst om å skaffe nok verneutstyr om viruset kjem til Norge