Hovudlandsrennet i skiskyting:

Fleire lokale på startstreken

Skiskyting: Ann Kristin Aaland (Hardbagg IL) skal gå hovudlandsrenn i skiskyting. Det heile startar fredag med normaldistanse før det er sprint laurdag og stafettar søndag.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Det er Østre Toten Skilag som er arrangør for årets hovudlandsrenn i skiskyting som går av stabelen denne helga.

Hovudlandsrennet er for 15 og 16-åringar, og vert rekna som eit norsk meisterskap for aldersgruppa.

Normaldistanse, sprint og stafett står på programmet.

Frå Nordfjord Team stiller følgjande utøvarar:

Mari Sofie Meland (Markane IL), Oddrun Hjelmeset Kirkeeide (Markane IL), Ada Borgund (Stårheim IL), Kevin Sigdestad (Volda T & IL), Marius Sætre Hove (Volda T & IL), Frøya Haughovd (Stårheim IL), Elias Helset (Sunnylven IL), Sara Annie Bjørnhaug Aarnes (Markane IL), Eirik Stensaker Tvinnereim (Hardbagg IL), Ann Kristin Aaland (Hardbagg IL), Martinus Sætre Lid (Volda T & IL), Linnea Melheim Espe (Volda T & IL), Trygve Myrold (Stårheim IL) og Torje Seljeset (Markane IL).