Hektisk sesongavslutning for Stryn

Heimekamp: Stryn med June Leirgulen (t.v.) og Ida Sønsterudråten på strek møter Florø 3 fredag kveld.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn sine handballdamer går ei hektisk sesongavslutning i møte i den lokale 4. divisjonen. Etter å ha spelt ni kampar på eit halvt år skal Stryn no spele dei siste sju kampane av sesongen på under ein månad.

Toppkamp

Allereie fredag kveld står Florø sitt tredjelag på motsett side av bana i Strynehallen.

Medan Stryn ligg på fjerdeplass med 13 poeng, ligg Florø 3 på andreplass, berre eitt poeng føre.

Lokaloppgjer neste veke

Så går det slag i slag framover med kampar, og det er duka for midtvekekamp og lokaloppgjer borte mot Eid komande veke.

Det ser elles ut til at Gloppen kjem til å vinne 4. divisjonen. Laget står no med 22 poeng.