KM i futsal:

Fire pokalar til Stryn

1. plass: Stryn j15. F.v. Sofie Njøten, Dorthea Tidemann Nesdal, Malin Eikenes Tjellaug, Hermine Kjøsnes, Selma Guddal Breivik, Rebecca Tvinnereim og Ingeborg Sætren.   Foto: Privat

Nyhende

Stryn markerte seg sterkt i KM-sluttspelet i futsal for aldersbestemte lag i helga.

I alt vart det spelt nær 200 kampar i Trivselshagen på Sandane laurdag og søndag.

Stryn sitt gutar 13-lag spelte seg heilt fram til finalen laurdag, etter 2-1 over Førde 2 i ein spennande semifinale. I finalen vart Førde sitt førstelag for sterke og vann 3-1. Stryn vann for øvrig si innleiande pulje etter tre sigrar og eitt tap.

Stryn sitt 13-årslag for jenter rauk ut i innleiiande runde etter ein siger, ein uavgjort og to tap.

Stryn jenter 15 gjekk heilt til topps. Laget vann alle sine tre kampar i gruppespelet, og i semifinalen vart det 3-0 over Heia. I finalen gjorde strynejentene kort prosess og vann heile 7-1 over Sogndal.

Stryn jenter 14 rauk ut i gruppespelet etter ein siger, ein uavgjort og eitt tap. Laget var nære på å ta seg vidare til sluttspelet.

1. plass: Stryn g16. Bak f.v. Erik Paulsen, Steinar Hauge, Jørgen Trøsken, Saeed Tajik, Martin Sætre og Jørn Sætre (trenar). F.f.v. Sander M. Haugen, Jonas Hopland, Tobias Tansøy Veum (cpt), Patrick Garlid.  Foto: Privat

Stryn gutar 16 kunne ta med seg den største pokalen heim etter 4-2 over Førde 1 i finalen. Også semifinalen mot Vik vart vunne med 4-2. I gruppespelet vart det to sigrar og ein uavgjort.

I klasse jenter 19 vart det spelt seriespel. Her vart Stryn nummer tre.