Verdscup for tomme tribunar

Tomme tribunar: Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø førebur seg på løp for tomme tribunar i Nove Mesto.  Foto: Ragnar Singsaas

Nyhende

Verdscupsirkuset i skiskyting er kome til Nove Mesto i Tsjekkia. Men konkurransane vil gå for tomme tribunar grunna koronaviruset.

Då koronaviruset også har nådd Tsjekkia vil konkurransane i Nove Mesto gå for tomme tribunar. Det melder VG. Det var venta opp mot 100.000 tilskodarar i løpet av konkurransane.

Johannes Thingnes Bø seier til VG at han ikkje har problem med å forstå avgjerda om tomme tribunar, sjølv om det blir ein stor nedtur utan publikum til stades. Sprint, stafett og fellesstart står på plakaten denne helga.

Tarjei Bø (Markane IL), Johannes Thingnes Bø (Markane IL), Johannes Dale (Fet Skiklubb), Erlend Øvereng Bjøntegaard (IL Beveren), Vetle Sjåstad Christiansen (Geilo IL) og Aleksander Fjeld Andersen (Geilo IL) er utekne blant dei norske herreløparane.