4. divisjon handball:

Bittert eittmålstap

Stryn tapte eit intenst og spennande lokaloppgjer borte mot Eid onsdag kveld. Då sluttsignalet gjekk skilde det eitt mål i favør heimelaget.

Bittert: Strynespelarane Joanna Kveen Øvre-Flo (t.v.), Ida Sønsterudbråten, Thusika Velalakan og Marie Johannsdottir måtte bite i det sure eplet mot Eid.   Foto: thomas thaule (arkiv)

Nyhende

Før kampen var det berre eitt poeng mellom laga på tabellen. Og som så mange gonger før denne sesongen vart det ein jamn kamp for Stryn. Stillinga til pause var då også uavgjort 9–9.