Junior-NM i skiskyting:

Fleire frå Nordfjord Team kan hevde seg

Junior-NM: Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL/Stryn vgs, er ein av fleire utøvarar frå Nordfjord Team som kan hevde seg i junior-NM del to i Folldal.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Folldal arrangerer del to av junior-NM i skiskyting denne helga. Det blir også Lerøy Cup (norgescup) for seniorløparane i Folldal. Fellesstart (fredag), sprint (laurdag) og stafettar (søndag) står på programmet.

Følgjande løparar er påmelde frå indre Nordfjord:

M20-22: Simon Hjelmeset Kirkeeide (Markane/Team Woodcon), Erlend Bakken (Markane), Isak Hopland (Hardbagg).

M19: Sivert Raddum Skaug (Tretten/Stryn vgs), Magnus Midthjell Gjørven (Markane/Stryn vgs), Martin Aaland (Hardbagg/Stryn vgs), Torjus Engeset Woldsund (Volda/Stryn vgs).

M18: Emil Hage Streitlien (Folldal/Stryn vgs), Oskar Guddal Breivik (Markane/Stryn vgs), Bendik Vereide (Stårheim/Stryn vgs), Jens-Henrik Hegg (Vik/Stryn vgs), Ask Haughovd (Stårheim/Stryn vgs), Lasse Flo Bødal (Stårheim/Stryn vgs).

M17: Martin Straumsheim (Fossum/Stryn vgs), Hallvard Engeset Woldsund (Volda/Stryn vgs), Sondre Roset (Hardbagg/Stryn vgs).

K18: Gunn Kristi Tvinnereim (Hardbagg/Stryn vgs), Maria Bertine S. Tistel (Vik/Stryn vgs), Ingrid Heggen (Stårheim/Stryn vgs), Oselie Henden (Eid/Stryn vgs).

K17: Maren Hjelmeset Kirkeeide (Markane/Stryn vgs), Hedda Garlid Hilde (Markane/Stryn vgs).