Håvard Maurset frå Stryn:

Skiferien i Ischgl enda med koronasmitte og heimekarantene

 - Ja, eg er ein av dei som har fått påvist korona-smitte. Men eg er ikkje særleg sjuk. Det mest ubehagelege er alle rykte, og alt kva folk trur og meiner.

Korona-smitta: Håvard Maurset sit i heimekarantene etter at han som ein av seks stryningar fekk påvist koronasmitte etter skiferie i Ischgl i Austerrie.  Foto: privat

Nyhende

Det seier Håvard Maurset frå Stryn. Han er ein av dei seks personane Stryn kommune kunne fortelje at hadde testa positivt på koronaviruset onsdag ettermiddag.

- Rykta hadde gått lenge før svaret på prøvene kom til kommunen og til meg. Difor tenkjer eg det kan vere eit positivt bidrag å fortelje kva dette handlar om, ikkje minst for å avmystifisere, seier Maurset til Fjordingen.

Turen til Ischgl var bestilt for lenge sidan, og då turen starta for halvanna veke sidan, var verken Austerrike eller Ischgl på nokon liste over risikoområde. Ischgl ligg i Tyrol, 100 kilometer frå Innsbruck.

- Verken på turen nedover, i skibakken eller på stadane vi var for å ete og ha det sosialt, var det noko teikn til korona. Det var rett og slett ikkje noko fokus på det og dermed heller ingen tiltak. Kven som kan ha smitta oss, og korleis, har vi inga aning om, fortel Maurset.

På flyturen heim frå Innsbruck kjende han seg litt frossen, som ein start på ei forkjøling.

- Eg tenkte ikkje korona, men forkjøling. Det er ikkje uvanleg etter å ha vore ei veke på ski og i mykje aktivitet. Og Austerrike var som sagt ikkje noko risikoområde.

-. Då vi landa på Gardermoen laurdag, sjekka eg nyheitene. Då var det registrert tre tilfelle i heile Austerrike. Dermed var det heller ingen tanke om korona, fortel Maurset.

Før han tok nattbussen heim søndag kveld, var han og innom kjærasten i Oslo.

- Resultatet er at ho og sit i heimekarantene, seier Maurset. Som legg til at det var først søndag kveld han fekk mistanke om at forkjølinga kunne vere korona-smitte.

Både han og dei andre i reisefølget vart sjekka for korona måndag og samtidig sett i heimekarantene. Også busselskapet er varsla.

- Eg har vore heime og i eit eige hus på garden sidan vi kom heim. Eg har litt hoste og er litt frostige. Det er som ein mild influensa, svarar han på spørsmålet om korleis det er å vere koronasmitta.

- Beskjeden frå smittevernlegen i Stryn er at vi skal vere heime i seks-åtte dagar etter at vi er symptomfrie. Før vi er ute i vanleg liv att, skal vi ha godkjenning av legen, seier Maurset.

Kva tenkjer du om å vere ein del av det som no opptek heile verda?

- Ein får augene opp for kor alvorleg det kan bli, både helsemessig for dei som kan vere utsette, og for alle dei økonomiske konsekvensane både lokalt, nasjonalt og globalt. Sjølv mi vesle verksemd med hytteutleige merkar det i form av avbestillingar. Konsekvensane av koronasituasjonen globalt vil bli store og dramatiske for mange. Samtidig opplevast det heilt udramatisk for oss som har fått påvist viruset.

Ansvaret ligg i å ikkje spreie smitte. For skulle mange bli smitta samtidig og verkeleg bli sjuke, vil ikkje sjukehusa ha kapasitet, seier Maurset.

- Du fortel om mykje rykte etter at de kom heim frå skiferien?

-Ja, det mest ubehagelege har vore at folk trur og meiner så mykje, og bidreg til å setje ut rykter. Når familiemedlemer får meldingar via andre, der det står at eg har fått påvist smitte før resultata i det heile var klare, tenkjer eg at det er like greit å fortelje historia slik ho er. Udramatisk for meg og oss som blei smitta. Så er bodskapen at vi skal gjere vårt for at andre ikkje vert smitta, seier Maurset.