Johannes best i verden

Johannes T. Bø klarte "det umulege" og vann verdscupen i skiskyting samanlagt med minst muleg margin laurdag. 

Johannes T. Bø kunne juble for fleire krystallkuler etter at sesongen no er over.  Foto: Skjermdump frå NRK

Nyhende

Markane-løparen sikra seg den gjeve krystallkula og den gule trøya med berre TO poeng foran erkerivalen Martin Fourcade.

Det vart ein tett kamp mot franskmannen då stryningen kom på 4. plass, medan Fourcade vann jaktstarten i finske Kontiolahti.

Johannes avgjorde med fullt hus på siste ståande skyting, og med 4. plass klarte han akkurat å sikre seg den gule trøya.  Foto: Skjermdump frå NRK

Etter ein bom på liggande og tre bom på nest siste ståande serie, såg det mørkt ut for samanlagtsigeren. Men håpet vart tent att då Fourcade bomma to gonger på siste ståande. Under stort press og med sterk vind på standplass, imponerte Johannes stort med å plaffe ned alle fem blinkane på siste skytinga.

I mål kunne han juble for 4. plassen, sidan det akkurat heldt til å vinne samanlagt.

- Det vart altfor spennande i dag. Det var over all forventing at eg til slutt klarte å vinne samanlagt. Eg visste at eg måtte bli over 4. plass, og det vart avgjerande på sisteskytinga, sa Johannes T. Bø på NRK etter at trøya var sikra.

- Det er så imponerande med fem treff på siste ståande, og ein meister verdig, meinte kommentatorane på NRK.

Dette vart det siste oppgjeret mot Martin Fourcade, som no legg opp.

Sterk 4. plass samanlagt

Tarjei Bø hadde eit godt utgangspunkt og låg lenge bra med i løpet, og enda på 17. plass med litt bom på slutten.

Men samanlagt i verdscupen vart stryningen nest beste nordmann med ein meget sterk 4. plass totalt.

- Tarjei har hatt ein veldig bra sesong, og har lege på eit høgt nivå heile året. Han har aldri vore så stabil som denne sesongen, meinte kommentatorane Torgeir Bjørn og Ola Lunde om sesongen til Tarjei Bø.