600 mill. i strakstiltak

Norsk idrett og frivilligheit mottek 600 millionar kroner i strakstiltak frå regjeringa.

Strakstiltak: Norsk idrett og frivilligheit får 600 mill. kroner i strakstiltak frå regjeringa.  Foto: roger oldeide (illustrasjon)

Nyhende

Pengane er ein tiltakspakke som i første omgang gjeld for mars og april månad, skriv Norges Idrettsforbund i ei pressemelding. Støtta er innretta mot tapte arrangementsinntekter i desse månadane, som følgje av avlysingar eller andre restriksjonar som idrettsbevegelsen har blitt pålagd som følgje av koronasituasjonen i Norge, og som ikkje kan utsetjast til seinare.

– Dette er ein veldig god start i ein alvorleg situasjon for idrettsbevegelsen, og eg vil rette ein spesielt stor takk til kulturminister Abid Raja for ein tett og god dialog i denne vanskelege situasjonen for norsk idrett, seier idrettspresident Berit Kjøll.