– Må ha hjelpepakke raskt, elles vil mange butikkar bukke under

Riccovero har permittert alle tilsette og stengt alle 10 butikkar. – Kjem det ikkje hjelpepakke raskt, kan 84 års skreddarhistorie vere over!

– Det hastar: Finn Einar Kvamme i Riccovero er redd mange i handel- og servicenæringa vil bukke under dersom regjeringa ikkje snarast kjem opp med krisetiltak.   Foto: Privat

Nyhende

– Då koronasituasjonen brått vart alvor, stoppa handelen i butikkane våre med eit knips. Difor var det ikkje anna alternativ enn å permittere og stengje alt. Situasjonen er kritisk, seier eigar av Riccovero med hovudsete i Olden, Finn Einar Kvamme. Han har ti klesbutikkar fordelt på Olden, Stryn, Ålesund, Trondheim, Bergen, Stavanger, Oslo, Strømmen og Vestby. – Med null kroner i omsetjing seier det seg sjølv at dette ikkje går lenge. Vi kuttar lønsutgifter, men mange andre kostnader ligg der framleis, både i form av husleige og varekjøp. I det ligg og at leverandørane og produsentane er i same situasjon. Heile verdikjeda er i djup krise, seier Kvamme.