Ekornes med permitteringsvarsel til alle tilsette:

– Må vere førebudde

I overkant av 900 personar i Ekornes-konsernet i Norge har motteke permitteringsvarsel.

Har sendt varsel: Roger Lunde, konsernsjef i Ekornes, seier at dei no ser på korleis dei skal oppretthalde produksjon, distribusjon og kundeservice i nødvendig grad for å betjene kundane.   Foto: Ekornes

Fram til tysdag var det normalt med ordre frå Australia, Storbritannia, Canada og USA, men så begynte vi å sjå mindre trafikk dit også

Roger Lunde, konsernsjef i Ekornes
Nyhende

(Sunnmørsposten): – Vi har forsåvidt ting å gjere, men vi ser at det stengast ned i Europa og at det er lite trafikk, og enkelte butikkar i Norden som stenger også. Vi har om lag to til tre veker med ordrereservar, og vi har sendt ut permitteringsvarsel på 14 dagar, seier Roger Lunde, konsernsjef i Ekornes.