Reduserer busstilbodet - innstiller serviceskyss

Serviceskyss er innstilt, busstilbod går som ruter ved skulefri som følgje av koronapandemien.

  Foto: Logo

Nyhende

Vestland fylkeskommune har ansvar for kollektivtrafikken i fylket. Mobilitetseininga er samansett av Kringom, som var Sogn og Fjordane sitt ruteselskap og som har ansvaret for det som var Sogn og Fjordane fylke, medan selskapet Skyss har tilsvarande ansvar i det som var Hordaland fylke.

Kringom har no redusert busstilbodet som følgje av at alle skular og mange verksemder er stengde i samband med koronapandemien. Her er endringane:


  • I Nordfjord, Sunnfjord og Sogn køyrer bussane etter ruter som ved skulefri
  • Nattilbod på bybuss og Trygt Heim-rutene er innstilte
  • Serviceskyss er innstilt


- Det er kraftig reduksjon i talet på reisande på alle Kringom sine busslinjer, opplyser kommunikasjonsrådgjevar i Kringom/Skyss, Ingrid Dreyer.

Serviceskyss er eit tilbod der det er tett kontakt mellom sjåførar og reisande som treng hjelp til på- og avstiging. Tilbodet vert no innstilt for å unngå å bidra til smittespreiing, forklarer Dreyer.

Kringom minner elles om generelle reiseråd: Ta omsyn til medreisande, hald avstand til andre reisande, og pass på god hand- og hostehygiene. Personar som er i karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje reise kollektivt.