Styreleiaren ved Hornindal skisenter får ikkje overnatte på hytta si i Hornindal

For å følgje karantene- reglane under koronakrisa må ein halde tunga rett i munnen – og ha brukbar kjennskap til geografi og kommuneinndeling.

Får ikkje overnatte på hytta si: Arve Hovdenakk er busett i Ørsta og får dermed ikkje overnatte på hytta si i Hornindal. Det hadde han fått dersom han budde i Volda.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad, Sunnmørsposten

Nyhende

– Desse reglane er neppe laga med omsyn til folk i Ørsta-Volda-området. Dei er nok meir tileigna veldig store hyttekommunar som Hemsedal. Eg har stor forståing for at dei treng slike reglar der. Men eg kjem sjølvsagt til å respektere reglane. Det seier Arve Hovdenakk.