Minigjenbruksstasjonen på Grodås:

– Her kan du levere det meste

Etter at Volda Ørsta Reinhaldsverk (VØR) overtok renovasjonsordninga i Hornindal, har mange vore usikre på tilbodet ved minigjenbruksstasjonen. – Her kan du levere det meste, seier Steffen Myklebust.

Restavfall: Steffen Myklebust i containeren for restavfall. Her tek VØR i mot det meste, frå utslitne sofaer og madrasser til anna folk ønskjer å kvitte seg med.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

NoMil hadde sine faste opningstider for minigjenbruksstasjonen på Grodås fram til VØR overtok ordninga. No er tilbodet flytta til måndagane, og til meir brukarvenlege tidspunkt for folk som vil kvitte seg med avfall etter arbeidstid. Kva du kan kvitte deg med, er nær identisk, i forhold til det tilbodet honndølene hadde.