Johan Meland:

Frå før til no

Skratten: – Det eg derimot hugsar veldig godt, var då han Rasmus Vollsnes (med tilnamna Vesle-Rasmus og Skratten), reiste seg og ynskte far tillukke med 50 årsdagen, og framførde ein velskriven song som var dikta for denne dagen, skriv artikkelforfattaren Johan Meland.  Foto: Illustrasjon: Roy Aron Brenvik Myklebust

Anten det er Vår Herre eller vi menneska som styrer dette, så lyt vi berre stå på etter beste evne, og ynskje oss alle lukke til vidare

Nyhende

Så langt tilbake som eg kan hugse, hadde vi elektrisk lys i huset vårt, men enkelte vintrar med kulde og lite regn og snø var det full stopp i kraftproduksjonen i Dalane og såleis livlaust i lyspærene. Elektrisiteten var nok ein stor revulusjon både i by og bygd og med mange mulegheiter. Elektrisk komfyr kom først nokre år seinare i heimen vår. Det var å fyre opp i vedakomfyren sjølv på dei heitaste sommardagane, både for å koke middagsmat og steike brød. Luksus-ting, som kjøleskåp og frysar, kom først i litt nyare tid.