Rosar heimesjukepleien frå Grodås

Snart 96 år gamle Solveig Hole på Viddal rosar heimesjukepleien i Hornindal, som no vert levert frå deira felles kommune Volda.

Svært fornøgd: Solveig Hole frå Viddal rosar heimesjukepleien ho får frå Hornindal.   Foto: Svein Nordal, Møre-Nytt

Nyhende

– Ja, du store tid: Faste rutinar, med besøk kvar onsdag og telefon-oppringing kvar måndag og fredag. Dyktige folk kjem frå Grodås, medan hjelpa vi fekk då vi var i Ørsta kommune var nokså sporadisk, seier Solveig Hole til avisa Møre-Nytt.