Slik blir skuleruta i Stryn 2020-2021

Skuleruta for grunnskulen i Stryn kommune for 2020-2021 er vedteken med følgjande skuledagar:

Skuleruta for neste skuleår for grunnskulane i Stryn kommune er vedteken. Her frå uteområdet ved Tonning skule. (Illustrasjon)  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Skule- og kulturutvalet i Stryn har tidlegare vedteke følgjande skulerute, utan endringar.

Første skuledag blir måndag 17. august 2020.

Haustferien blir lagt til veke 41 som tidlegare, 5.- 9. oktober.

Elevfri dag fredag 13. november.

Juleferie frå 23. desember til måndag 4. januar.

Vinterferie veke 8 som før. (22.-26. februar).

Elevfri dag 12. mars.

Påskeferie 27. mars til tysdag 6. april.

Elevfri dag 14. mai.

Siste skuledag før sommarferien er fredag 18. juni 2021.

Totalt 190 skuledagar.

Felles kurs- og planleggingsdagar skal følgje kommunane i Nordfjord sitt opplegg før skulestart.